Staal Jørpeland IL og Midtbygdens IL inviterer til Ryfastløpet 5. oktober 2019!

Verdas første og einaste undersjøiske halvmaraton!

Velkomen til Ryfastløpet. Gled deg til å springa gjennom fjellhallen i Ryfylketunnelen, seier Beate Jåsund frå MIL (f.v.), i lag med Anne Carr Jørpeland og Rune Harestad frå Staal Jørpeland.
(Foto: Øyvind Ellingsen, Statens Vegvesen)

Oppdateringar

2019  555744  Solbakktunnelen  juli  (50)

Å nå målene!

Med fagarbeidere med kompetanse i verdensklasse, topp moderne utstyrspark og tillitt i markedet til å levere komplekse prosjekter er det naturlig for oss å sikre høyt: Vi skal være den…
Aftenbladet

Aftenbladet sender Ryfastløpet

Du kan oppleva Ryfastløpet live på nettet! Stavanger Aftenblad satsar stort og sender heile løpsfesten direkte TV-sending i timevis laurdag 5. oktober. – Det blir stemningsrapportar frå Våland, i tunnelane,…
Sparebank-1-a

Stolt bank satser på Ryfastløpet

Det er ingen tvil: Sparebank1 SR-Bank og Eiendomsmegler 1 Ryfylke kommer til å sette sitt preg på Ryfastløpet 5. oktober. – Ryfastløpet er et unikt arrangement som vil bli lagt…

Kva er Ryfastløpet?

«Me må ha løp før tunnelane opnar for biltrafikk».

Prosjektleiar for Ryfasttunnelane, Gunnar Eiterjord, fekk ein kongstanke, som nå blir gjennomført.

I verdas lengste undersjøiske tunnel kan du springa halvmaraton laurdag 5. oktober 2019, eit par månader før offisiell opning. Men, Ryfastløpet er meir enn halvmaraton. Det er tre løp og to rulleskirenn for store og små, med startpunkt både i Stavanger, Solbakk i Strand og nede i tunnelen.

Halvmaraton: 21 km frå Stavanger (ved gamle Gamlingen) til Strand (Solbakk) – gjennom Hundvågtunnelen og Ryfylketunnelen. Start kl. 12.00. 500 deltakarar startar om gongen frå 12.00-13.15.
NB: Dette er eit løp, ikkje marsj. Makstid er sett til 3 timar og 30 minutt.

Barneløp i Stavanger: 1 km med start frå Kiellandsmyra/«gamle» Gamlingen i Stavanger (same stad som halvmaraton). Løparane spring inn i Hundvågtunnelen, snur og spring. Mål er der starten er. Start kl. 11.00.

Barneløp i Strand: 1 km med start på Solbakk, ned i Ryfylketunnelen eine løpet, og opp igjen. Ca 600 meter i tunnel og 400 meter i friluft. Start kl. 12.00.

Motbakkerenn rulleski for barn: 1 km. Start i Ryfylketunnelen 1 km frå Solbakk – og opp til Solbakk. Start kl. 10.30.

Motbakkerenn rulleski 4,5 km: Start på Ryfylketunnelen sitt djupaste punkt (292 m.u.h.) og opp til Solbakk. Start kl. 10.45.ved 15

Munninga på Ryfylketunnelen på Solbakk i Strand. (Foto: Tor Øyvind Skeiseid)

Alle deltakarane på Ryfastløpet vil i tillegg til medalje få ein spesiell diplom frå Statens vegvesen, Ryfast-prosjektet som dokumentasjon på at dei har sprunge løp/gått renn i verdas lengste og djupaste undersjøiske vegtunnel.

Detaljar og kart finn du under Fakta om fem løp.

Hovudarrangørar

Medarrangørar

STV
Skjalg-logo
Stavanger skiklubb logo

Støttespelarar

Eliteløpar:

Toppløparar:

Storløparar:

Mosjonist:

Gladtrimmer:

Fakta om fem løp

Ryfastløpet er tre løp og to rulleskirenn.

Halvmaraton 21 km: – NB! LØPET ER FULLTEIKNA!

Frå Kiellandsmyra/«gamle» Gamlingen i Stavanger til Solbakk i Strand.

20 av 21 km er i tunnel. Hundvågtunnelen er 5,7 km og Ryfylketunnelen 14,3 km. Temperatur i tunnelane er ca 12 grader. Lyse, klare og luftige løpsforhold! 

Det blir fire drikkestasjonar undervegs. I botn av Hundvågtunnelen (ca 3,5 km), på Hundvåg (ca 6 km), i Fjellhallen (ca 13,5 km)og i botn, 292 m.u.h., av Ryfylketunnelen (ca 16,5 km).På dei tre siste drikkestasjonane vil det også vere toalett.

Mat og premiering:
Etter målgang får alle løparane varm mat og drikke + Ryfastmedalje og diplom.  Dei tre beste i både kvinne- og herreklassen får flotte premiar, med Ryfastkunstverk frå Glasskjellaren i Strand.

Aldersgrense: Ope for alle som er fødd i 2004 eller før (15 år). 

Løparane blir sendt ut i fleire puljar, ut frå forventa løpstid.

Første pulje startar kl. 12.00.

NB: Dette er eit løp, ikkje ein marsj. Maks tid er derfor sett til 3 timar og 30 min. 
Løparar som ikkje fullfører innan denne tida, eller som treng skyss ut pga skader etc, vil bli plukka opp med buss.

NB: Du må nok rekna med noko lenger tid grunna motbakkane i tunnelane. 

Sjå løypekart og løypeprofil her:

Barneløp i Stavanger – start kl. 11.00:

Familiefest i Stavanger FØR halvmaraton startar. 

1 km med start frå «gamle» Gamlingen i Stavanger (same stad som halvmaraton). Løparane spring inn i Hundvågtunnelen, snur og kjem tilbake.

Aldersgrense: Barn fødd frå 2005 og til og med 2013. Altså 1.-9. klasse hausten 2019.

NB: Foreldre kan ikkje fylgja barna. Men det er vakter frå IL Skjalg langs løypa i både friluft og tunnel. Det kan ikkje vera publikum i tunnelen.

Pris for å delta: 120 kr. Ryfastmedalje og diplom til alle som deltar.

Kun førehandspåmelding via påmeldingslinken, innan 1. september!
NB; Dersom de vil bestilla t-skjorte må det skje innan 11. august!

Barneløp i Strand – start kl. 12.00:

Familiefest på Solbakk, før halvmaratongjengen kjem i mål.

1 km med start på Solbakk, ned i Ryfylketunnelen og tilbake igjen.

Aldersgrense: Barn fødd frå 2005 og til og med 2013. Altså 1.-9. klasse hausten 2019. 

NB: Foreldre kan ikkje fylgja barna. Men det er vakter langs løypa i både friluft og tunnel. Det kan ikkje vera publikum i tunnelen.

Pris for å delta: 120 kr. Ryfastmedalje og diplom til alle som deltar.

Kun førehandspåmelding via påmeldingslinken, innan 1. september!
NB; Dersom de vil bestilla t-skjorte må det skje innan 11. august!

Sjå bilete av start og mål for dei tre løpa:

Rulleskirenn for barn, ca 1 km, kl. 10.30:

Start i Ryfylketunnelen 1 km frå Solbakk – og opp til Solbakk og ca 200 meter i friluft. Stilart: Fristil, fellesstart.

For barn fødd 2007 og til og med 2014.

Alle som skal delta går samla ned frå møteplass på Solbakk kl. 09.45 og ned i tunnelen. Det kan ikkje vera publikum i tunnelane.

Pris for å delta: 120 kr. Ryfastmedalje og diplom til alle som deltar.

Kun førehandspåmelding via påmeldingslinken.

Motbakkerenn rulleski 4,5 km kl. 10.45:

Start på Ryfylketunnelen sitt djupaste punkt (292 m.u.h.) og opp til Solbakk.

Stilart: Fristil og klassisk, fellesstart.

Busstransport frå møteplass på Solbakk frå kl. 10.00 og ned i tunnelen. NB: Bussar køyrer ned det løpet som det ikkje er skirenn/løp! I botn går skiløparane frå bussen, gjennom eit tverrslag i tunnelen og over det andre løpet. Vakter følgjer deltakarane.

Deltakarpris: 350 kr, inkl varm mat, drikke, Ryfastmedalje, diplom og buss ned til startpunkt.

Maks tal deltakarar: 500

Aldersgrense: Ope for alle som er fødd i 2006 eller før.

Kun førehandspåmelding via påmeldingslinken.

Familiemarsj

Statens vegvesen planlegg open dag på Solbakk, Tasta, Hundvåg og Buøy i løpet av seinsommar/haust. Då vil alle som har lyst få høve til å ta ein tur ned i tunnelane. 

Det vil bli lagt ut informasjon om desse arrangementa etter kvart.

Praktisk info

Før du melder deg på, er det viktig du set deg inn i praktisk informasjon om løp og logistikk.

Startnummer og bagasje - halvmaraton

Startnummer vil bli delt ut på fylgjande stader og tidspunkt:

Staaltun, Jørpeland: Onsdag 2.okt kl. 17.00-20.00

Scandic Forum Stavanger: Torsdag 3. okt og fredag 4. okt kl. 17.00-20.00

Ved startområdet: Laurdag/løpsdagen frå 08.00-10.00.

Alle deltakarar vil få beskjed om tidene og fakta. Det vil også kome på desse nettsidene.

Deltakarane får eit startnummer og eit klebeark, med same nummeret. Det siste festar du til bagen/sekken, der du har skiftetøyet ditt.

Bagen/sekken skal leverast til merka lastebilar/varebilar. Bagar blir systematisert etter nummer, og frakta i bilane FØR starten går. Nøyaktig tidspunkt for når bagen må vere innlevert kjem.

Når du kjem i mål på Solbakk står bagen klar i telt. Her er det vakter som passar på. Finn ditt nummer og du har funne bagen din!

OBS: På grunn av tryggleiken er det kun tillatt å ha med seg mobil i mobillomme eller lite magebelte. Dvs at det IKKJE er lov med drikkeflaske, store magebelter, ryggsekkar eller liknande.

Sjå også "Fakta om fem løp" for meir informasjon!

Vil du overnatta i nærleiken av målområdet og Preikestolen? Då vil me anbefala Lilland Bryggerihotell på Tau eller Preikestolen Fjellstue, som ligg rett ved der kor stien til Preikestolen startar. Dei ordnar med transport både til start og tilbake etter målgang.

>

(Meir info får du ved å trykkja på overskrifta)

Bestilling:

Lilland Bryggerihotell; send mail til booking@lillandhotell.no Preikestolen; online booking https://hso.io/booking/preikestolen-fjellstue/no/ - bruk koden: Ryfast19

Dersom du treng overnatting i Stavanger i høve løpet, vil me anbefala eit opphald på eit av Scandichotella. Både Scandic Forum, Scandic Stavanger City og Scandic Stavanger Park ligg i gangavstand til startområdet.

Ved å gå inn på www.scandichotels.com og nytta koden "PROMO20B" vil du få ein gunstig rabatt på overnattinga! Koden kan også nyttast på Scandic Stavanger Airport og Scandic Stavanger Forus.

Startområde for halvmaraton og barneløp i Stavanger

Det er ikkje parkeringsplassar i området. Bruk parkeringsplassar i sentrum/ved Stavanger Forum.

Det er ikkje garderobeforhold.

Det er mobile toalettvogner.

Solbakk: Start- og målområde for barneløp og målområde for skirenn og halvmaraton

Det er ikkje parkeringsplassar på Solbakk. Men, det vil gå gratis shuttlebussar frå Tau og Jørpeland til Solbakk frå ca kl. 9.00 – følg med på informasjon på nettsider og Facebook.

Det er mobile toalettvogner.

Det vil vera telt for klesskift etter løp/renn.

For dei som skal gå skirenn

Deltakarar må sjølv koma seg til Solbakk. Det går ferjer både frå Stavanger til Tau og frå Lauvvik til Oanes – sjå norled.no

Det er ikkje parkeringsplassar på Solbakk, men det vil gå gratis shuttlebussar frå Tau og Jørpeland til Solbakk frå kl. 9.00. Dette vil bli informert tydeleg på nettsider og Facebook fleire veker før løpet/rennet. Etter rennet kan ein anten ta shuttlebuss tilbake til Tau og ferje i rutetrafikk derifrå, eller bestilla returtransport direkte frå Solbakk. Denne transporten startar ca 14.00.

T-skjorter

Det blir produsert flotte trenings-t-skjorter med tekst og logo på. Gløymde du å bestilla t-skjorte ved påmelding? Då kan du etterbestilla ved å bruka Vipps Ryfastløpet - 566545, og i tillegg sende mail til svanhild@ryfylkelivsgnist.no om kva storleik du ønskjer. Denne unike t-skjorta kostar 350 kroner.

I tillegg vil det koma sponsorlogoar på skjorta.

Absolutt siste frist for etterbestilling er 11. august!

NB: Denne skjorta er også i storleikar for barn! Frist for bestilling av t-skjorter til barn er 11. august.

Transport

Kva gjer du når du har sprunge til Ryfylke og skal tilbake til Stavanger? Fortvil ikkje. Me har eit godt tilbod til deg, med ekstrabåtar. Frå klokka 14.00 går det båtar og buss/ferje i eitt sett frå Strand til Stavanger. Me får deg om bord, og båtane går til Fiskepiren i Stavanger.

Når du melder deg på kan du kryssa av for «båttransport» og du er sikra plass tilbake til Stavanger.

Har du gløymt å kryssa av for transport ved påmelding kan du etterbestilla det ved å bruka Vipps - Ryfastløpet 566545.

Pris: 120 kroner per person.

Aller siste frist for bestilling av transport er 11. august.

Mat og moro

Det blir sal av mat og kioskvarer både i Stavanger og på Solbakk. Det vil vera engasjert speaker både i Stavanger og på Solbakk. I Stavanger vil det vera trøkk frå speaker frå kl. 10.00 og til 14.00.

På Solbakk er folkefesten i gang frå scenen kl. 09.45. Her blir det jo målgang for to skirenn og to løp. Det blir konsert, premieutdelingar, underhaldning og kommentering fram til alle er i mål, ca 17.45.

Premiering til dei tre beste kvinner og menn vil skje kl. 14.30.

Det blir også ulike premiar som blir trekt ut på startnummer.

Påmelding

MELD DEG PÅ RULLESKIRENN OG BARNELØP!
Det er framleis god plass på motbakkerenn på rulleski, og på barneløpa i Stavanger og på Solbakk.
Her kan du melda deg på rett løp, bestilla transport og t-skjorter. Du kan melda på og betala for fleire.
Bruk då funksjonen «meld på fleire».  Obs: Éin person kan melda på maks fem personar.

Me gjer merksam på at påmeldinga er bindande.

HALVMARATONET ER NO FULLTEIKNA!

Me vil anbefala å fylgja med på Facebook. Der er det fleire som legg ut billettane sine for salg.

The half marathon is fully booked!

Påmelding for bedrifter som ønskjer felles faktura: Éin person i bedrifta går då inn på påmeldingslinken på «bedrift» og opprettar bedriftskonto. Då får kontaktpersonen tilsendt ein kode på e-post, som då gjeld for alle i bedrifta.

Om Ryfast

Riksveg 13 Ryfast er det største vegprosjektet nokon gong i Rogaland. Nå blir Ryfylke og Nord-Jæren knytt ferjefritt saman med den lengste undersjøiske tunnelen i verda. Det er E39 i Stavanger kommune, som blir kopla opp mot riksveg 13 i Strand kommune.

Prosjektet er i grunnen to prosjekt: Ryfylketunnelen og Hundvågtunnelen – Eiganestunnelen.

1
RYFYLKETUNELLEN

Ein 14,3 kilometer lang undersjøisk tunnel mellom Solbakk i Strand og Hundvåg i Stavanger. Når tunnelen står ferdig bygd, vil den vera den lengste undersjøiske vegtunnelen i verda. Tunnelen har brattaste stiging på 7 %, som gjeld for 4 kilometer av distansen opp mot Solbakk. Det djupaste punktet ligg 292 meter under havet. Hovudentreprenør på Solbakk er Marti IAV Solbakk DA og hovudentreprenør på Hundvåg er AF Gruppen Norge AS. Tunnelane blir opna like før jul i 2019. Dato er ikkje bestemt. Gunnar Eiterjord er prosjektleiar frå Statens Vegvesen.

2
HUNDVÅGTUNNELEN og EIGANESTUNNELEN

Hundvågtunnelen er ein 5,7 kilometer lang undersjøisk tunnel som kryssar Byfjorden mellom Hundvåg og Stavanger. Denne tunnelen koplar seg på prosjektet E39 Eiganestunnelen, og vil gje bilistar høve til å køyra av mot Stavanger sentrum, via Gamlingen, eller halde fram direkte ut på E39 sørover mot Forus og Sandnes. Hovudentreprenør for Hundvågtunnel-kontrakten er arbeidsfellesskapet Kruse/Risa ANS. Eiganestunnelen er 3,7 kilometer lang og endar på Tasta i retning nord på E39. Hovudentreprenør for kontrakten er arbeidsfellesskapet Implenia/Stangeland JV.

Tunnelane blir bygde med to tunnelløp, med to felt i kvar retning.

Tunnelane blir opna like før jul i 2019. Dato er ikkje bestemt.

Gunnar Eiterjord er prosjektleiar frå Statens vegvesen.

Treningsprogram

Prosjektleiar for Ryfast, Gunnar Eiterjord, vil fram mot Ryfastløpet setja opp treningsprogram for dei som skal springa løpet. Ein variant for dei som har som mål å koma seg i form til å klara å gjennomføra løpet- "mosjonisten", og ein annen variant for dei som vil springa litt raskare - "supermosjonisten". Programmet vil ha naturleg progresjon frå desember i år fram til løpet i oktober neste år. Her finn du også Gunnars treningsblogg!

For «mosjonisten»:

Juni, juli og august

Sommertrening! Treningsprogrammene for sommeren er forholdsvis like det de var i april/mai. Har du fulgt programmene tidligere, skal du du nå være på et godt treningsnivå. Du har kanskje til…

April og mai

Vår! En senhøst og vinter med forhåpentligvis mye, god trening er nå unnagjort. Jeg håper du merker framgang. Og ikke minst håper jeg du har vært flink til å lytte…

Februar og mars

Hviledager er sterkt undervurdert. Hvordan går det med treningen? Kjenner du at 2 måneder med trening har gitt framgang? Går det greit å få til treningen innimellom andre gjøremål? Jeg…

For «supermosjonisten»:

Juni, juli og august

Sommertrening! Treningsprogrammene for sommeren er forholdsvis like det de var i april/mai. Har du fulgt programmene tidligere, skal du du nå være på et godt treningsnivå. Du har kanskje til…

April og mai

Vår! En seinhøst og vinter med forhåpentligvis mye, god trening er nå unnagjort. Jeg håper du merker framgang. Og ikke minst håper jeg du har vært flink til å lytte…

Februar og mars

Hviledager er sterkt undervurdert. Hvordan går det med treningen? Kjenner du at 2 måneder med trening har gitt framgang? Går det greit å få til treningen innimellom andre gjøremål? Jeg…

Gunnars treningsblogg:

Sommertrening

Gjennom mine blogginnlegg i vinter har jeg forsøkt å formidle det jeg gjennom et langt idrettsliv som utøver og trener har erfart. Jeg håper det har vært nyttig både generelt…

Keiserens nye klær …

Våren kommer. Mange løper. Og mange blir ekstra ivrige med løpingen si. Kjempebra! Men la deg ikke lure til å bruke masse penger på de som kommersielt forsøker å gjøre…

For publikum

Laurdag 5. oktober 2019 blir ein stor fest for fleire tusen menneske, både løparar og skiløparar. Me ønskjer også at mange publikummarar vil vera med i Stavanger og Strand denne dagen. Dette er greitt å vita som tilskodar, spent forelder, medspelar og nysgjerrig:

PROGRAM

Program ut over løpstidene vil bli lagt ut etter kvart.

STENGDE OMRÅDE

Det er ikkje høve for publikum å gå i tunnelane. Det vil vera store område for publikum utanfor tunnelane.

FOLKEFEST

Gled dykk til folkefest med kultur og musikkinnslag på Solbakk.

AVGRENSA PARKERING

Det er ikkje parkeringsområde nær start og mål i Stavanger, og heller ikkje på Solbakk.

MAT OG DRIKKE

Det blir matsal og kiosk både i Stavanger og på Solbakk.

SHUTTLEBUSS

Det vil gå gratis shuttlebussar frå Tau og Jørpeland til Solbakk. Følg med på informasjon på nettsider og Facebook.

Kontakt oss

Lurer du på noko? Ikkje nøl med å ta kontakt med oss.

Rune Harestad i Staal Jørpeland IL: (ansvar: arrangement)
tlf. 951 64 547
rune.harestad@staal-il.no

Beate Jåsund i Midtbygdens IL: (halvmaraton)
tlf. 986 90 973
beate.jaasund@strand.kommune.no

Anne Carr Jørpeland i Staal Jørpeland (barneløp Strand)
tlf. 412 25 730
anne.carr@stavangerskolen.no

Tor Øyvind Skeiseid i Ryfylke Livsgnist AS: (prosjektmedarbeidar)
tlf. 982 06 333
tor@ryfylkelivsgnist.no

Svanhild Eggebø Spanne i Ryfylke Livsgnist AS: (prosjektmedarbeidar)
tlf. 907 73 796
svanhild@ryfylkelivsgnist.no

Nina Joa i Stavanger Skiklubb (rulleskirenn)
tlf. 950 60 574
njo@equinor.com

Ida Tjørsvaag i IL Skjalg (barneløp Stavanger)
tlf. 416 84 744
ida@ilskjalg.no

Øyvind Ellingsen i Statens vegvesen
tlf. 932 14 350
oyvind.ellingsen@vegvesen.no

Du kan òg senda melding til prosjektmedarbeidarane i kontaktskjemaet under: