Tørst Drikke – med drikke til ALLE deltakarane

Published by Svanhild Eggebø Spanne on

Ryfastløpet er stolte og glade over å inngått ein stor avtale med Tørst Drikke, den lokale leverandør av energidrikke, mineralvatn og vatn frå Sandnes.

Avtalen inneber mellom anna at ALLE løparar og skiløparar i alle renna og løpa får drikke frå Tørst Drikke når dei kjem i mål. Og det vil dukka opp andre overraskingar undervegs. Men, utruleg kjekt å kunna dela denne nyheita nå med alle deltakarane!

Salgssjef Ken Meland i Tørst Drikke gjev Tor Øyvind Skeiseid i Ryfastløpet eit solid handtrykk. Nå gler begge partar seg til eit spennande samarbeid om Ryfastløpet.
Categories: Oppdateringar