Aftenbladet sender Ryfastløpet

Published by Svanhild Eggebø Spanne on

Du kan oppleva Ryfastløpet live på nettet!

Stavanger Aftenblad satsar stort og sender heile løpsfesten direkte TV-sending i timevis laurdag 5. oktober.

– Det blir stemningsrapportar frå Våland, i tunnelane, på Hundvåg og sjølvsagt i målområdet på Solbakk. Denne hendinga er så stor for regionen, at me vil vera med, fortel redaksjonssjef Finn E. Våga i Stavanger Aftenblad.

– Utruleg kjekt at Stavanger Aftenblad lagar til sending. Nå kan folk få med seg festen uansett kor dei måtte vera i verda, smiler løpssjef Beate Jåsund i Midtbygdens IL, som er ein av arrangørane i lag med Staal Jørpeland IL.     

Categories: Oppdateringar