Takk for festen – tunnelane er rydda

Published by Svanhild Eggebø Spanne on

Idrettslaga Midtbygdens IL og Staal Jørpeland IL vil takka alle som bidrog til at laurdag 5. oktober går inn i historiebøkene som ein stor folkefest. Statens vegvesen skal ha stor takk for at me fekk bruka tunnelane. Takk til alle løparar, dugnadsarbeidarar, publikum, sponsorar, Norsk Folkehjelp og andre involverte på alle vis. Ein varm og omtenksam takk til dei løparane som ikkje fekk seigmann og sportsdrikk undervegs og til dei som måtte venta litt for lenge i transportkø. Takk for at de alle var i så godt humør! Vonar alle har fått eit godt minne for livet.

Her er ein siste tur ned i Ryfylketunnelen:

Categories: Oppdateringar