Staal Jørpeland IL og Midtbygdens IL inviterer til Ryfastløpet 5. oktober 2019!

Verdas første og einaste undersjøiske halvmaraton!

Velkomen til Ryfastløpet. Gled deg til å springa gjennom fjellhallen i Ryfylketunnelen, seier Beate Jåsund frå MIL (f.v.), i lag med Anne Carr Jørpeland og Rune Harestad frå Staal Jørpeland.
(Foto: Øyvind Ellingsen, Statens Vegvesen)

Kva er Ryfastløpet?

«Me må ha løp før tunnelane opnar for biltrafikk».

Prosjektleiar for Ryfasttunnelane, Gunnar Eiterjord, fekk ein kongstanke, som nå blir gjennomført.

I verdas lengste undersjøiske tunnel kan du springa halvmaraton laurdag 5. oktober 2019, eit par månader før offisiell opning. Men, Ryfastløpet er meir enn halvmaraton. Det er tre løp og to rulleskirenn for store og små, med startpunkt både i Stavanger, Solbakk i Strand og nede i tunnelen.

Halvmaraton: 21 km frå Stavanger (ved gamle Gamlingen) til Strand (Solbakk) – gjennom Hundvågtunnelen og Ryfylketunnelen. Start kl. 12.00. 500 deltakarar startar om gongen frå 12.00-13.15.
NB: Dette er eit løp, ikkje marsj. Makstid er sett til 3 timar og 30 minutt.

Barneløp i Stavanger: 1 km med start frå Kiellandsmyra/«gamle» Gamlingen i Stavanger (same stad som halvmaraton). Løparane spring inn i Hundvågtunnelen, snur og spring tilbake. Mål er der starten er. Start kl. 11.00.

Barneløp i Strand: 1 km med start på Solbakk, ned i Ryfylketunnelen eine løpet, og opp igjen. Ca 600 meter i tunnel og 400 meter i friluft. Start kl. 12.00.

Motbakkerenn rulleski for barn: 1 km. Start i Ryfylketunnelen 1 km frå Solbakk – og opp til Solbakk. Start kl. 10.30.

Motbakkerenn rulleski 4,5 km: Start på Ryfylketunnelen sitt djupaste punkt (292 m.u.h.) og opp til Solbakk. Start kl. 10.45.

Munninga på Ryfylketunnelen på Solbakk i Strand. (Foto: Tor Øyvind Skeiseid)

Alle deltakarane på Ryfastløpet vil i tillegg til medalje få ein spesiell diplom frå Statens vegvesen, Ryfast-prosjektet som dokumentasjon på at dei har sprunge løp/gått renn i verdas lengste og djupaste undersjøiske vegtunnel.

Detaljar og kart finn du under Fakta om fem løp.

Hovudarrangørar

Medarrangørar

STV
Skjalg-logo
Stavanger skiklubb logo

Støttespelarar

Eliteløpar:

Toppløparar:

Storløparar:

Mosjonist:

Gladtrimmer:

Fakta om fem løp

Ryfastløpet er tre løp og to rulleskirenn.

Halvmaraton 21 km: – NB! LØPET ER FULLTEIKNA!

ALL INFORMASJON DU TRENG FINN DU HER! (ALSO IN ENGLISH VERSION)

Frå tunnelopninga på Våland i Stavanger (Tjodolvsgate 65) til Solbakk i Strand.

20 av 21 km er i tunnel. Hundvågtunnelen er 5,7 km og Ryfylketunnelen 14,3 km. Temperatur i tunnelane er ca 12 grader. Lyse, klare og luftige løpsforhold! 

Mat og premiering:
Etter målgang får alle løparane varm mat og drikke + Ryfastmedalje og diplom.  Dei tre beste i både kvinne- og herreklassen får flotte premiar, med Ryfastkunstverk frå Glasskjellaren i Strand.

Aldersgrense: Ope for alle som er fødd i 2004 eller før (15 år). 

Løparane blir sendt ut i fleire puljar, ut frå forventa løpstid.

Første pulje startar kl. 12.00.

NB: Dette er eit løp, ikkje ein marsj. Maks tid er derfor sett til 3 timar og 30 min. 
Løparar som ikkje fullfører innan denne tida, eller som treng skyss ut pga skader etc, vil bli plukka opp med buss.

NB: Du må nok rekna med noko lenger tid grunna motbakkane i tunnelane. 

Sjå løypekart og løypeprofil her:

Barneløp i Stavanger – start kl. 11.00:

Familiefest i Stavanger FØR halvmaraton startar. 

1 km med start frå tunnelopninga på Våland i Stavanger (same stad som halvmaraton). Løparane spring inn i Hundvågtunnelen, snur og kjem tilbake.

Aldersgrense: Barn fødd frå 2005 og til og med 2013. Altså 1.-9. klasse hausten 2019.

NB: Foreldre kan ikkje fylgja barna. Men det er vakter frå IL Skjalg langs løypa i både friluft og tunnel. Det kan ikkje vera publikum i tunnelen.

Pris for å delta: 120 kr. Ryfastmedalje til alle som deltar.

Kun førehandspåmelding via påmeldingslinken, innan 5. september!

Startnummer vil bli delt ut på fylgjande stader og tidspunkt:

Staaltun, Jørpeland: Onsdag 2.okt kl. 17.00-20.00

Scandic Forum Stavanger: Torsdag 3. okt og fredag 4. okt kl. 17.00-20.00

Ved startområdet (Tjodolvs gate 65): Laurdag/løpsdagen frå 08.00-10.00.

Barneløp i Strand – start kl. 12.00:

Familiefest på Solbakk, før halvmaratongjengen kjem i mål.

1 km med start på Solbakk, ned i Ryfylketunnelen og tilbake igjen.

Aldersgrense: Barn fødd frå 2005 og til og med 2013. Altså 1.-9. klasse hausten 2019. 

NB: Foreldre kan ikkje fylgja barna. Men det er vakter langs løypa i både friluft og tunnel. Det kan ikkje vera publikum i tunnelen.

Pris for å delta: 120 kr. Ryfastmedalje til alle som deltar.

Kun førehandspåmelding via påmeldingslinken, innan 5. september!

Startnummer vil bli delt ut på fylgjande stader og tidspunkt:

Staaltun, Jørpeland: Onsdag 2.okt kl. 17.00-20.00

Scandic Forum Stavanger: Torsdag 3. okt og fredag 4. okt kl. 17.00-20.00

Ved startområdet: Laurdag/løpsdagen frå 10.00-11.00.

Rulleskirenn for barn, ca 1 km, kl. 10.30:

Start i Ryfylketunnelen 1 km frå Solbakk – og opp til Solbakk og ca 200 meter i friluft. Stilart: Fristil, fellesstart.

For barn fødd 2007 og til og med 2014.

Alle som skal delta går samla ned frå møteplass på Solbakk kl. 09.45 og ned i tunnelen. Det kan ikkje vera publikum i tunnelane.

Pris for å delta: 120 kr. Ryfastmedalje til alle som deltar.

Kun førehandspåmelding via påmeldingslinken.

Motbakkerenn rulleski 4,5 km kl. 10.45:

Start på Ryfylketunnelen sitt djupaste punkt (292 m.u.h.) og opp til Solbakk.

Stilart: Fristil og klassisk, fellesstart.

Busstransport frå møteplass på Solbakk frå kl. 10.00 og ned i tunnelen. NB: Bussar køyrer ned det løpet som det ikkje er skirenn/løp i! I botn går skiløparane frå bussen, gjennom eit tverrslag i tunnelen og over i det andre løpet. Vakter følgjer deltakarane.

Deltakarpris: 350 kr, inkl varm mat, drikke, Ryfastmedalje og buss ned til startpunkt.

Maks tal deltakarar: 500

Aldersgrense: Ope for alle som er fødd i 2006 eller før.

Kun førehandspåmelding via påmeldingslinken.

Praktisk info

Før du melder deg på, er det viktig du set deg inn i praktisk informasjon om løp og logistikk.

Press here for all information about the race!

Startnummer vil bli delt ut på fylgjande stader og tidspunkt:

Staaltun, Jørpeland: Onsdag 2.okt kl. 17.00-20.00

Scandic Forum Stavanger: Torsdag 3. okt og fredag 4. okt kl. 17.00-20.00

Ved startområdet (Tjodolvs gate 65): Laurdag/løpsdagen frå 08.00-10.00.

Alle deltakarar vil få beskjed på e-post om tidene og fakta. Det vil også kome på desse nettsidene.

OBS: På grunn av tryggleiken er det kun tillatt å ha med seg mobil i mobillomme eller lite magebelte. Dvs at det IKKJE er lov med drikkeflaske, store magebelter, ryggsekkar eller liknande.

Det blir drikkestasjonar og toalett undervegs.

ALT ANNA DU TRENG Å VITA OM LØPET FINN DU VED Å TRYKKJA PÅ BOKSEN OVER!

Vil du overnatta i nærleiken av målområdet og Preikestolen? Då vil me anbefala Lilland Bryggerihotell på Tau eller Preikestolen Fjellstue, som ligg rett ved der kor stien til Preikestolen startar. Dei ordnar med transport både til start og tilbake etter målgang.

>

(Meir info får du ved å trykkja på overskrifta)

Bestilling:

Lilland Bryggerihotell; send mail til booking@lillandhotell.no Preikestolen; online booking https://hso.io/booking/preikestolen-fjellstue/no/ - bruk koden: Ryfast19

Dersom du treng overnatting i Stavanger i høve løpet, vil me anbefala eit opphald på eit av Scandichotella. Både Scandic Forum, Scandic Stavanger City og Scandic Stavanger Park ligg i gangavstand til startområdet.

Ved å gå inn på www.scandichotels.com og nytta koden "PROMO20B" vil du få ein gunstig rabatt på overnattinga! Koden kan også nyttast på Scandic Stavanger Airport og Scandic Stavanger Forus.

Startområde for halvmaraton og barneløp i Stavanger

Det er ikkje parkeringsplassar i området, og gatene rundt startområdet er stengt. Bruk parkeringsplassar i sentrum/ved Stavanger Forum.

Det er ikkje garderobeforhold.

Det er mobile toalettvogner.

Solbakk: Start- og målområde for barneløp og målområde for skirenn og halvmaraton

Det er ikkje parkeringsplassar på Solbakk. Men, det vil gå gratis shuttlebussar frå Tau og Jørpeland til Solbakk frå ca kl. 9.00 – følg med på informasjon på nettsider og Facebook.

Det er mobile toalettvogner.

Det vil vera telt for klesskift etter løp/renn.

Transport

Kva gjer du når du har sprunge til Ryfylke og skal tilbake til Stavanger? Fortvil ikkje. Me har eit godt tilbod til deg, med ekstrabåtar. Frå klokka 14.00 går det båtar og buss/ferje i eitt sett frå Strand til Stavanger. Me får deg om bord, og båtane går til Fiskepiren i Stavanger.

Når du melder deg på kan du kryssa av for «båttransport» og du er sikra plass tilbake til Stavanger.

Har du gløymt å kryssa av for transport ved påmelding kan du etterbestilla ved avhenting av startnr.

Mat og moro

Det blir sal av mat og kioskvarer både i Stavanger og på Solbakk. Det vil vera engasjert speaker både i Stavanger og på Solbakk. I Stavanger vil det vera trøkk frå speaker frå kl. 10.00 og til 14.00.

På Solbakk er folkefesten i gang frå scenen kl. 09.45. Her blir det jo målgang for to skirenn og to løp. Det blir konsert, premieutdelingar, underhaldning og kommentering fram til alle er i mål, ca 17.45.

Premiering til dei tre beste kvinner og menn vil skje kl. 14.30.

Det blir også ulike premiar som blir trekt ut på startnummer.

For dei som skal gå skirenn

Deltakarar må sjølv koma seg til Solbakk. Det går ferjer både frå Stavanger til Tau og frå Lauvvik til Oanes – sjå norled.no

Det er ikkje parkeringsplassar på Solbakk, men det vil gå gratis shuttlebussar frå Tau og Jørpeland til Solbakk frå kl. 9.00. Etter rennet kan ein anten ta shuttlebuss tilbake til Tau og ferje i rutetrafikk derifrå, eller bestilla returtransport direkte frå Solbakk. Denne transporten startar ca 14.00.

Påmelding

Ute i siste liten?

  • Meld deg på barneløp: Det er framleis nokre plassar igjen på barneløpa på Våland i Stavanger og Solbakk i Strand
  • Gløymt å bestilla transport tilbake? Du kan ikkje gjera det via nett lenger. Men, du kan vippsa eller betala kontant ved henting av startnr
  • Gløymt å bestilla t-skjorte? Det kan vera nokre skjorter igjen. Spør når du hentar startnr onsdag, torsdag eller fredag.

ETTERPÅMELDING RULLESKIRENN 4,5 KM MOSJON (KLASSISK OG FRITEKNIKK) OG 1 KM BARNERENN

Ved etterpåmelding:

Barnerenn tom. 13 år må følgende oppgis.

Navn på deltaker, alder, mail adr. Sendes på mail til jan_sverre@yahoo.com og ninajoa64@gmail.com

Påmelding registreres ved betaling av påmeldingsavgift kr 120,-  Til Stavanger Skiklubb via Vipps (kjøp og betal)

4,5km mosjon (klassisk og friteknikk) må følgende oppgis:

Navn på deltaker, klasse (klassisk eller friteknikk), mail adr. Sendes på mail til jan_sverre@yahoo.com og ninajoa64@gmail.com.

Påmelding registreres ved betaling av påmeldingsavgift kr 350,-  Til Stavanger Skiklubb via Vipps (kjøp og betal)

 

HALVMARATONET ER NO FULLTEIKNA!

Me vil anbefala å fylgja med på Facebook. Der er det fleire som legg ut billettane sine for salg.

Dersom du ikkje kan delta og vil selja billetten din går du fram på denne måten:
Du loggar inn på Min side (via påmeldingslinken). Velg Påmeldinger – Ryfastløpet – Aktiver kode for å selge plass.
Denne koden gir du til den som skal overta plassen, og vedkomande går inn på påmeldingslinken og trykkjer på: Kjøpt/overtatt plass.
NB: Det er ikkje mogleg å endra namn på sjølve startnr etter 13. september. (Men ein kan evt stryka over og skriva på rett namn for hand.)
 

The half marathon is fully booked!

Om Ryfast

Riksveg 13 Ryfast er det største vegprosjektet nokon gong i Rogaland. Nå blir Ryfylke og Nord-Jæren knytt ferjefritt saman med den lengste undersjøiske tunnelen i verda. Det er E39 i Stavanger kommune, som blir kopla opp mot riksveg 13 i Strand kommune.

Prosjektet er i grunnen to prosjekt: Ryfylketunnelen og Hundvågtunnelen – Eiganestunnelen.

1
RYFYLKETUNELLEN

Ein 14,3 kilometer lang undersjøisk tunnel mellom Solbakk i Strand og Hundvåg i Stavanger. Når tunnelen står ferdig bygd, vil den vera den lengste undersjøiske vegtunnelen i verda. Tunnelen har brattaste stiging på 7 %, som gjeld for 4 kilometer av distansen opp mot Solbakk. Det djupaste punktet ligg 292 meter under havet. Hovudentreprenør på Solbakk er Marti IAV Solbakk DA og hovudentreprenør på Hundvåg er AF Gruppen Norge AS. Tunnelane blir opna like før jul i 2019. Dato er ikkje bestemt. Gunnar Eiterjord er prosjektleiar frå Statens Vegvesen.

2
HUNDVÅGTUNNELEN og EIGANESTUNNELEN

Hundvågtunnelen er ein 5,7 kilometer lang undersjøisk tunnel som kryssar Byfjorden mellom Hundvåg og Stavanger. Denne tunnelen koplar seg på prosjektet E39 Eiganestunnelen, og vil gje bilistar høve til å køyra av mot Stavanger sentrum, via Gamlingen, eller halde fram direkte ut på E39 sørover mot Forus og Sandnes. Hovudentreprenør for Hundvågtunnel-kontrakten er arbeidsfellesskapet Kruse/Risa ANS. Eiganestunnelen er 3,7 kilometer lang og endar på Tasta i retning nord på E39. Hovudentreprenør for kontrakten er arbeidsfellesskapet Implenia/Stangeland JV.

Tunnelane blir bygde med to tunnelløp, med to felt i kvar retning.

Tunnelane blir opna like før jul i 2019. Dato er ikkje bestemt.

Gunnar Eiterjord er prosjektleiar frå Statens vegvesen.

Treningsprogram

Prosjektleiar for Ryfast, Gunnar Eiterjord, vil fram mot Ryfastløpet setja opp treningsprogram for dei som skal springa løpet. Ein variant for dei som har som mål å koma seg i form til å klara å gjennomføra løpet- "mosjonisten", og ein annen variant for dei som vil springa litt raskare - "supermosjonisten". Programmet vil ha naturleg progresjon frå desember i år fram til løpet i oktober neste år. Her finn du også Gunnars treningsblogg!

For «mosjonisten»:

September

Vær litt lur ……… 😊 Det er nå en måned igjen fram til løpet. Regner med at de fleste kjenner på en kombinasjon av at de gleder seg, spenning på…

Juni, juli og august

Sommertrening! Treningsprogrammene for sommeren er forholdsvis like det de var i april/mai. Har du fulgt programmene tidligere, skal du du nå være på et godt treningsnivå. Du har kanskje til…

April og mai

Vår! En senhøst og vinter med forhåpentligvis mye, god trening er nå unnagjort. Jeg håper du merker framgang. Og ikke minst håper jeg du har vært flink til å lytte…

Februar og mars

Hviledager er sterkt undervurdert. Hvordan går det med treningen? Kjenner du at 2 måneder med trening har gitt framgang? Går det greit å få til treningen innimellom andre gjøremål? Jeg…

For «supermosjonisten»:

September

Vær litt lur ……… 😊 Det er nå en måned igjen fram til løpet. Regner med at de fleste kjenner på en kombinasjon av at de gleder seg, spenning på…

Juni, juli og august

Sommertrening! Treningsprogrammene for sommeren er forholdsvis like det de var i april/mai. Har du fulgt programmene tidligere, skal du du nå være på et godt treningsnivå. Du har kanskje til…

April og mai

Vår! En seinhøst og vinter med forhåpentligvis mye, god trening er nå unnagjort. Jeg håper du merker framgang. Og ikke minst håper jeg du har vært flink til å lytte…

Februar og mars

Hviledager er sterkt undervurdert. Hvordan går det med treningen? Kjenner du at 2 måneder med trening har gitt framgang? Går det greit å få til treningen innimellom andre gjøremål? Jeg…

Gunnars treningsblogg:

Kjekke og anbefalte løp

Det finnes veldig mange, og kjekke løp. Av alle de jeg har vært med på skal jeg i det etterfølgende forsøke å gi min vurdering av de jeg synes er…

For publikum

Laurdag 5. oktober 2019 blir ein stor fest for fleire tusen menneske, både løparar og skiløparar. Me ønskjer også at mange publikummarar vil vera med i Stavanger og Strand denne dagen. Dette er greitt å vita som tilskodar, spent forelder, medspelar og nysgjerrig:

TRAFIKKREGULERING STAVANGER

Våland:

- Det er ikkje parkeringsplassar i startområdet. Bruk parkeringsplassar i sentrum/ved Stavanger Forum.

- Ta bussen!

- Tjodolvsgate blir stengt, men ikkje for innbyggjarane.

- Nedsett fart på starten av motorvegen E39

- Vis omsyn til skilt og vakter.

Hundvåg:

- Hovudvegen(Fv 435) forbi tunnelanlegget blir stengt for trafikk.

- Dvs at innkøyringar til Brosmevegen og Brosmekroken blir sperra. Dette gjeld IKKJE for dei som bur her.

- Vakter og skilting vil visa kva som gjeld.

- Buss i trafikk kjem forbi.

FERJER TAU- STAVANGER

Ta Tauferja tur-retur Stavanger-Tau. Utan bil!!! Sjå norled.no/kart-og-rutetider/ferje/rogaland/> for rutetider.

I tillegg går det følgjande ekstraferjer den 5. oktober: Frå Tau 09.15, kl. 10.45 og 16.10

Frå Stavanger: 10.00

Det går gratis shuttlebussar mellom Tau kai og Solbakk.

Du kan også køyra via Høgsfjorden, og ta ferja Lauvvik-Oanes norled.no/kart-og-rutetider/ferje/rogaland/>

NB: Parkér på Jørpeland og ta shuttlebuss derfrå.

FOLKEFEST STAVANGER

HUNDVÅG

Me oppmodar publikum som vil sjå halvmaratonløparane om å dra til Hundvåg. Det går 8 bussar i timen(rute 1) frå kl. 11 til Hundvåg, og bussane stoppar 100 meter frå hovudarenaen.

Det er avgrensa med parkeringsplassar ved Hundvåg skole og grusbanen (Prixbanen). Eigne parkeringsvakter viser plass.

På Hundvåg kjem publikum tett på løparane mellom Hundvågtunnelen og Ryfylketunnelen. Med korpsmusikk og kiosksal blir det stor stemningpå Hundvåg, med plass til mange.

Frå kl. 11 – kiosksal ved Skeie Skolekorps

Frå kl. 12 – Musikk ved Hundvåg Janitsjar

Mellom ca 12.15 og 14.30 - Løparane på halvmaraton passerer Hundvåg.

VÅLAND

På Våland er det særs avgrensa med plass for å sjå løparane. Hugs at halvmaratonløparane spring rett inn i Hundvågtunnelen! På barneløpet får foreldre følgja barna sine til startområdet, som også er målområdet. Eigne vakter ser etter ungane i tunnelen. Ingen foreldre får følgja med inn i tunnelen.

Kl. 11.00 Barneløp 1 km

Inn i Hundvågtunnelen og tilbake. Foreldre kan bli med barn i startområdet.

Kl. 12.00 Ryfastløpet halvmaraton startar.

15 puljar med 500 løparar i kvar startar kvart 5. minutt

Avgrensa publikumsområde

Frå kl. 10-14 Kiosksal av IL Skjalg

Det er ikkje lov for publikum å gå inn i tunnelane!

FOLKEFEST MÅL/SOLBAKK

Her er det eit stort publikumsområde på heile oppløpet. I tillegg blir det eit mingleområdet nedanfor målområdet, med matsal, sitjeplassar, toalett mm.

Her er målområde for både skirenna, barneløp og halvmaraton. Her går det slag i slag frå kl. 10.30 til 17.00. Storskjermar viser kva som skjer på scenen, i mål, blant publikum, og i tillegg til at me sender frå Aftenbladet si sending.

Hilde Selvikvåg, Synne Helland, samt Kåre og Rita Fotland Bøe gler oss med livemusikk, i tillegg til DJ Ronny!

Det er ikkje høve for publikum å gå inn i tunnelen!

PROGRAM

Kl. 10.30 - Start motbakkerenn rulleski barn 1 km frå Solbakk – mål på Solbakk

Kl. 10.45 Start motbakkerenn rulleski 4,5 km frå Solbakk (292 muh) – mål Solbakk

Kl. 11.30 Premieutdeling rulleski

Kl. 12.00 Barneløp startar

Kl. 13.15 (ca) Første løparar halvmaraton er venta mot mål. Då kjem alle fram til kl. 17

Kl. 14.00 Minikonsert Kåre og Rita Fotland Bøe

Kl. 15.00 Minikonsert Hilde Selvikvåg m /band + premieutdeling raskaste løparar halvmaraton

Kl. 16.30 Synne Helland med band

Heile dagen: Matsal av kaldt og varmt

Musikk, speakerteneste og storskjermar heile dagen

NB: Stavanger Aftenblad sender heile Ryfastløpet direkte på nett-TV

SOLBAKK - PARKERING og SHUTTLEBUSS

- På Solbakk er det venta mest folk.

- Det er INGEN høve for parkering på området.

Dersom du har behov for handicap-parkering, ta kontakt med Tor Øyvind 982 06 333.

- Det går GRATIS shuttlebussar frå både Tau og Jørpeland frå kl. 09 til 18! Bussane går ca kvart 10. minutt frå Tau kai og frå Jørpeland Torg (opp Rådhusgata og inn på RV 13). Bussane stansar på haldeplassar der det er folk/folk skal av.

Kontakt oss

Lurer du på noko? Ikkje nøl med å ta kontakt med oss.

Rune Harestad i Staal Jørpeland IL: (ansvar: arrangement)
tlf. 951 64 547
rune.harestad@staal-il.no

Beate Jåsund i Midtbygdens IL: (halvmaraton)
tlf. 986 90 973
beate.jaasund@strand.kommune.no

Anne Carr Jørpeland i Staal Jørpeland (barneløp Strand)
tlf. 412 25 730
anne.carr@stavangerskolen.no

Tor Øyvind Skeiseid i Ryfylke Livsgnist AS: (prosjektmedarbeidar)
tlf. 982 06 333
tor@ryfylkelivsgnist.no

Svanhild Eggebø Spanne i Ryfylke Livsgnist AS: (prosjektmedarbeidar)
tlf. 907 73 796
svanhild@ryfylkelivsgnist.no

Nina Joa i Stavanger Skiklubb (rulleskirenn)
tlf. 950 60 574
ninajoa64@gmail.com

Ida Tjørsvaag i IL Skjalg (barneløp Stavanger)
tlf. 416 84 744
ida@ilskjalg.no

Øyvind Ellingsen i Statens vegvesen
tlf. 932 14 350
oyvind.ellingsen@vegvesen.no