Halvmaraton – Praktisk informasjon

Published by Svanhild Eggebø Spanne on

FOR INFORMATION IN ENGLISH – SCROLL DOWN!

STARTOMRÅDE OG LØYPE
Løypa går frå tunnelopninga på Våland i Stavanger (Tjodolvs gate 65) til Solbakk i Strand.

20 av 21 km er i tunnel. Hundvågtunnelen er 5,7 km og Ryfylketunnelen 14,3 km. Brattaste stigning er 7% (Ryfylketunnelen). Løypeprofil ligg under «Fakta om fem løp». Temperatur i tunnelane er ca 12 grader. Lyse, klare og luftige løpsforhold! 

Parkering
Det er ikkje parkeringsplassar i området. Bruk evt. parkeringsplassar i sentrum/ved Stavanger Forum.
Det vil også vere stengte vegar rundt startområdet, så det vil ikkje vere mogleg å bli køyrd heilt fram til start.

Til deg som kjem frå Strandalandet
Det vil gå fleire ferjer frå Tau enn ein vanleg laurdag. Ferjene som er aktuelle for Ryfastdeltakarane er:
08.15
09.00
09.15 EKSTRA
09.45
10.30
10.45 EKSTRA

Garderobe/toalett
Det er ikkje garderobeforhold i startområdet. Det er mobile toalettvogner ved start og mål, og også toalett undervegs.

Oppvarming
Det vil ikkje vere høve for å varma opp ved å springa i tunnelen, men det er fine område rundt start til å varma opp i. Her er t.d. Mosvatnet, som har grusdekkje 3 km rundt vatnet

STARTNUMMER OG BAGASJE
Me vil på det sterkaste oppmoda deltakarane om å henta startnummeret onsdag, torsdag eller fredag. Då unngår du stress og unødvendig kø på løpsdagen.
Startnummer vil bli delt ut på fylgjande stader og tidspunkt:

Staaltun, Jørpeland: Onsdag 2.okt kl. 17.00-20.00

Scandic Forum Stavanger: Torsdag 3. okt og fredag 4. okt kl. 17.00-20.00

Ved startområdet: Laurdag/løpsdagen frå 08.00-10.00.

Dersom du ikkje kan delta og vil selja billetten din går du fram på denne måten:
Du loggar inn på Min side (via påmeldingslinken). Velg Påmeldinger – Ryfastløpet – Aktiver kode for å selge plass.
Denne koden gir du til den som skal overta plassen, og vedkomande går inn på påmeldingslinken og trykkjer på: Kjøpt/overtatt plass.
NB: Det er ikkje mogleg å endra namn på sjølve startnummeret etter 13. september. Då går startnr i trykken. Men ein kan evt stryke over og skrive rett namn på med tusj.

Transport av bagar
Det vil vere lastebilar som fraktar bagen din gjennom tunnelane, slik at den er klar til å hentast når du kjem opp av tunnelen på Solbakk. Du får ein bagasjelapp med nummer på når du hentar startnummeret. Denne festar du på bagasjen før du leverer frå deg bagen.
Fargen på bagasjelappen din har samanheng med kva pulje du er i.

Bagen/sekken skal leverast til merka lastebilar/varebilar. Bagar blir systematisert etter farge/ nummer. Bagasje må vere levert i lastebilen:

RØD – Pulje 1-3: Seinast kl.11.30
BLÅ – Pulje 4-6: Seinast kl. 11.45
GRØN – Pulje 7-9: Seinast kl. 12.00
SVART – Pulje 10-12: Seinast kl. 12.15
GUL – Pulje 13-15: Seinast kl. 12.45

Når du kjem i mål på Solbakk står bagen klar i telt. Her er det vakter som passar på. Finn ditt nummer og du har funne bagen din!

NB: Det er ikkje kapasitet til å ta med store bagar/koffertar, så me bed om at du pakkar med deg kun det mest nødvendige.

Kva om eg treng å ha på ekstra klede etter eg har levert bagen?!
I og med at du må levere bagasjen i frå deg ei stund før start vil du kanskje ha behov for å ha litt ekstra tøy på deg (oppå det du skal springe i) fram til start. Dette vil du då naturleg nok ikkje få sendt med bagasjen. Men, me har ei kjempebra løysing på det!
Du kan nemleg få gi bort evt plagg du ikkje skal springa i til eit føremål! NLM Gjenbruk vil vera på plass med ein varebil og tek imot klede. Desse vil bli tatt godt vare på og til slutt enda opp som pengar som går til bistandsprosjekt innan skule, helse og vatn.
Vinn-vinn der altså!

Kva kan eg ha med meg gjennom tunnelane?
På grunn av tryggleiken er det kun tillatt å ha med seg mobil, i lommen, i mobillomme eller lite magebelte. Dvs at det IKKJE er lov med drikkeflaske, store magebelter, ryggsekkar eller liknande. Det er heller ikkje lov å ha med gel eller anna mat/drikke. Dette er både på grunn av tryggleik, og på grunn av forsøpling.

OBS: All oppbevaring/transport av bagasje er på eige ansvar. Så ikkje legg verdisaker i bagasjen!

PULJER
Løparane blir sendt ut i 15 puljar. Alle påmeldte vil bli fordelte i puljar ut frå den tida de har meldt dykk på. (Dei raskaste blir sendt ut først).  Det blir 5 min mellom kvar pulje, første pulje startar kl. 12.00. 500 i kvar pulje.

Alle deltakarar vil få beskjed om tidene og fakta. Du kan også finne starttida di her!

NB: Dette er eit løp, ikkje ein marsj. Maks tid er derfor sett til 3 timar og 30 min. 
Løparar som ikkje fullfører innan denne tida, eller som treng skyss ut pga skader etc, vil bli plukka opp med buss. PS: Det blir ikkje sperretider som tidlegare annonsert.

UNDERVEGS

Drikkestasjonar og toalett
Det blir fire drikkestasjonar undervegs. I botn av Hundvågtunnelen (ca 3,5 km), på Hundvåg (ca 6 km), i Fjellhallen (ca 13,5 km)og på veg opp siste bakken (ca 18 km). . Det er sportsdrikk tilgjengeleg i tillegg til vatn. På dei tre siste drikkestasjonane vil det også vere toalett.

Tryggleiken i høgsetet
Det er både nødnett, nødtelefonar (kvar 125. meter) og hjartestartarar i tunnelane. Norsk Folkehjelp er på plass med mykje mannskap gjennom heile løypa.

Både Hundvågtunnelen og Ryfylketunnelen består av to tunneløp. Eit for kvar køyreretning. Under Ryfastløpet vil det eine bli brukt til sjølve løpet, og det andre til ambulanse mm. For kvar 250 meter er det tverrslag over til tunnelen for motsatt køyreretning. Dersom det skulle bli aktuelt med evakuering vil alle løparar bli leda gjennom eit tverrslag og over i den andre tunnelen.

Ein kan ikkje rekne med at det er GPS-dekning inne i tunnelane.

Det vil vere skilt kvar km som viser kor langt det er igjen.

Det er kun dei som har startnr på brystet som slepp ned i tunnelen (utanom mannskap). Dette blir kontrollert både ved start og ved tunnelopninga på Hundvåg (Ryfylketunnelen).

Selfie/bildetaking

Det er sikkert mange som vil foreviga opplevinga med selfie/bildetaking undervegs. Då må det gjerast til høgre i løpsretninga, slik at andre kan sleppa forbi.

Gi beskjed om du bryt løpet!

Dersom du av ein aller annan grunn bryt løpet, er det viktig at du sender ein SMS til Beate: 986 90 973 slik at me får registrert det.

ETTER MÅLGANG

Mat, skifting og premiering
Etter målgang på Solbakk får alle løparane varm mat og drikke + Ryfastmedalje og diplom.  Her finn du bagasjen din, og det er skiftetelt tilgjengeleg.

Dei tre beste i både kvinne- og herreklassen får flotte premiar, med Ryfastkunstverk frå Glasskjellaren i Strand. Premieseremonien startar ca kl. 15.00.

Det blir også ulike premiar som blir trekt ut på startnummer.

Det blir konsert, premieutdelingar, underhaldning og kommentering fram til alle er i mål, ca kl. 17.30. Gled deg til å høyra både Hilde Selvikvåg, Synne Helland og Fotland Bøes. Tidspunkt for når dei ulike artistane vil opptre, blir annonsert.

Transport tilbake til Stavanger
Transporten tilbake etter løpet, for dei som har bestilt det, startar frå kl. 14.00 og går fram til nærare 18.30. Det blir ein kombinasjon av hurtigbåtar og buss/ferje. Både hurtigbåtar og ferjer går til Fiskepiren terminal i Stavanger.

Har du gløymt å kryssa av for transport ved påmelding kan du bestilla/betala det ved henting av startnr (kontant eller Vipps). Du vil då få ein transportbillett som du viser ved retur.

OVERNATTING
Det er gode muligheter for overnatting både på Strand og i Stavanger. Sjå under Praktisk info for meir informasjon og gode rabattkodar!

For spørsmål kontakt:
Løpssjef Beate (beate.jaasund@strand.kommune.no) eller prosjektmedarbeidar Svanhild (svanhild@ryfylkelivsgnist.no)

INFORMATION IN ENGLISH

STARTING POINT AND THE TRAIL
The trail runs from the tunnel entrance on Våland (Tjodolvs gate 65) to Solbakk, Strand

20 of 21 km is inside a tunnel. Hundvågtunnelen is 5,7 km and Ryfylketunnelen is 14.3 km. The temperature inside the tunnel is ca 12 ℃. Bright, clear and airy running conditions.

Parking
The are no avaliable parking in the starting point area. You may park in the town centre or by Stavanger Forum.

For those of you who comes from Strandalandet
Extra ferries will leave from Tau in the morning, kl. 9.15 and 10.45 in addition to ordinary scheduled ferries.

Wardrobe and toilettes
There is no wardrobe at the starting area. There are portable toilet wagons at the starting point, and toilets also along the course.

Warming up
There will be no opportunity to warm up by running in the tunnel, but there are great areas for warming up in the start area.

START NUMBERS AND LUGGAGE
We will hichly recommend the participants to pick up the start number, Wednesday, Thursday or Friday to avoid unnecessary queue on race day.
These are the following places and times start numbers will be given out:
*Staaltun, Jørpeland: Wednesday Oct 2nd from 5 pm to 8 pm

*Scandic Forum, Stavanger: Thursday Oct 3rd and Friday Oct 4th from 5 pm to 8 pm

*At the start area: Saturday/day of the run oct 5th. 8 am to 10 am

Transport of bags
Trucks will transport your bag through the tunnels, so that it can be picked up when you arrive in Solbakk. You will receive a luggage tag when you pick up your start number. The luggage tag needs to be attached to your bag before you leave it on the truck. The colour of the tag is connected to the time your heat starts.

The bag is to be delivered to marked trucks/vans. The bags are sorted by colour / number on the tags

It will be clearly indicated in which truck you will leave your bag. RED – Heat 1-3: Latest at 11.30 am
BLUE – Heat 4-6: Latest at 11.45 am
GREEN – Heat 7-9: Latest at 12.00 pm
BLACK – Heat 10-12: Latest at 12.15 pm
YELLOW – Heat 13-15: Latest at 12.45 pm

When you arrive at Solbakk, your bag will be ready to be picked up in a tent. Here the bags are guarded. Find your number, and you find your bag.

NB. There is no room for large bags or suitcases, so we kindly ask you to only pack the most necessary.

What can I bring through the tunnel?
For safety reasons, the only thing you are allowed to bring through the tunnel is a mobile phone in a mobile pocket. That means NO drinking bottle, NO fanny pack, NO backpack or similar items.

OBS: All storage/transport of luggage is on your own risk. So do not leave any valuables in the luggage

HEATS
The runners will be sent out in 15 heats. All registered runners will be divided into heats according to the time you signed up for. (The fastest runners are sent out first) There will be 5 minutes between every heat, first heat starts at 12pm. 500 runners in each heat

All the runners will be notified about the times and facts. It will also be written here on this web sight

NB! This is a run, not a march. The maximum time is therefore set to 3h 30 min.
Runners that has not finished within this time frame or needs to get a ride out of the tunnel because of injury for example, will be picked up by a bus. PS: there will be no “sperre tid” (time limit) as first announced.

DURING THE RUN

Drinking stations and toilets
There will be four drinking stations on the course. In the bottom of Hundvågtunnelen. (ca 3,5 km), at Hundvåg (ca 6km, in Fjellhallen (ca 13,5km) and on the way up the last hill (ca 18km). Two of the stations will have sport drinks available additional to water. At the three last drinking stations, there will also be toilets.

Safety First
There is an emergency mobile telephone network, emergency phones (every 125 meter) and heart starter in the tunnels. Norsk Folkehjelp will be stationed with a lot of ground people throughout the entire run.
The tunnels have two separate tracks, one for the race and one for ambulances and other traffic. In case of an emergency all the runners will be evacuated through emergency exits (every 250 meters) into the other track.

«DNF – Did not finish»
If you, for some reason, drop out of the race before you reach the finish line, please send an SMS to Beate (+ 47 986 90 973).

Selfies/pictures

If you want to take a selfie / pictures during the race, please step aside on the right side of the track to prevent queue.

AFTER THE FINISH

Food, changing and giving out awards
After the finish at Solbakk, each runner will receive warm food, and drinks +Ryfast-medal and a diploma. Here you will also find your luggage and there is a tent for changing available.

The three best both Men and Women will get great awards, Ryfast-art from Glasskjelleren in Strand. The award ceremony starts ca 3.00 pm.

There will also be different awards picked out on start numbers.

There will be concert, medal distribution, entertainment and commentary until ca 5.30pm

Transport back to Stavanger
Return trips, for those who have booked them, starts at 2 pm and run until about 6:30 pm. A combination of speed boats, and buss/ferries will be used for the return trip. Both speed boats and ferries arrive at Fiskepiren terminal in Stavanger.

Accommodations
There are a lot of good accommodations both in Strand and in Stavanger. Visit www.ryfastløpet.no for suggestions!

Categories: Oppdateringar